Skriv ut

Tiltak i Sverige for like vilkår

Publisert 19. March 2004 09:00

Tevlingsstyresmaktene i Sverige skal analysere og gjere framlegg om tiltak som kan betre marknadstilhøva når det gjeld tevling mellom private og offentlege aktørar. Det er Konkurrensverket som skal gjere dette, medan regjeringa samstundes førebur spørsmålet om ein treng fleire reglar for dette føremålet. Like vilkår mellom private og offentlege er i første rekkje noko som småverksemdene er opptekne av, og mange av klagemåla som kjem, gjeld korleis det offentlege gjer innkjøpa sine.

I Sverige har fleire og fleire offentlege verksemder teke til å selje varer og tenester som private føretak allereie tilbyr, og det har ført med seg problem i marknaden. Problema har vore tunge å løyse etter tevlingsreglane, og regjeringa arbeider med å finne ei ordning som gjer at tvistemål ikkje køyrer seg fast mellom ulike lover og reglar.

Fram til 31. desember 2003 hadde grannelandet i aust eit råd for tevling på like vilkår mellom offentleg og privat sektor (Konkurrensrådet). Det var eit forum for drøftingar mellom represetantar for dei to sektorane for å finne fram til retningsliner for tevlingsnøytrale vilkår mellom private og offentlege. I dei seks åra rådet dreiv på, kom det ei rad tilrådingar i klagesaker dei fekk på bordet, og desse tilrådingane blir gjerne nytta som retningsgjevande når liknande saker kjem opp.

Klagene som er komne inn, gjeld lover og reglar som står i vegen for tevling, eller som gjer god tevling i marknaden vanskeleg. Det kan vere ulik moms eller at offentlege aktørar set i gang næringsverksemd i tevling med private. Dessutan gjeld dei påstandar om at det offentlege nyttar skattemidlar for å tilby låge prisar eller for å få andre tevlingsføremoner. Mange av klagene gjeld òg offentlege innkjøp og støtte til einskildføretak, og det vrir tevlinga i marknaden på ein lite god måte og hindrar nye føretak i å kome til.

(Sverige Like vilkår Konkurrensstyrelsen Konkurrensrådet)

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]